Lillian Karin Bjørdal

Ho er ein nyetablert kunstnar som uttrykkjer seg gjennom skulptur og grafiske teknikkar.
Forteljingane som ligg litt under overflata interesserer henne, det som ikkje blir sagt, hemmelighaldet og familietragediene som ingen snakkar om. Lillian jobbar med objekt henta frå heimen og dagleglivet. Det kjende og kjære vert gjort om til noko ukjent, og nesten uhyggeleg. Objekta gjev henne ein måte å uttrykkje kjensler på. Med endringar i form og overflate peikar ho på det som folk kanskje ikkje vil vise fram. Slik set ho fokus på relasjonar, seg sjølv og eiga familiesoge.
Heimplassen hennar er Bjørdalen i Ørsta, men ho bur og jobbar i Ålesund. Ho har jobba 25 år som kunst og handverkslærar i ungdomsskolen. På Ytre Kunstfagskole fann ho ein veg vidare inn i kunsten.

Andre artister

billedkunstner

Cecilie Hole

Har utdanning frå Ålesund Kunstfagskole, ein bachelor i kunst og handverk frå Høgskulen

Les mer