Støtt kunstnarfellesskapet
STØTTEMEDLEMER kr. 300,- i året.
Enkeltpersonar og bedrifter som ønskjer å støtte opp om føremålet til foreininga gjennom å bidra økonomisk, kan bli støttemedlem. Desse vil motta nyheitsbrev og tilbud om foredrag. Du blir støttemedlem ved å sende 300 kroner til vår Vipps konto: 548857.
KUNSTERISKE MEDLEMER kr. 1700,- i året
Medlem kan takast opp dersom ein har kunsten som sitt hovudarbeidsfelt. Medlemskap takast opp ved søknad. Søkjarar innan alle kunstartar skal vere profesjonelle utøvarar. Kunstnarisk aktivitet og kunstproduksjon skal i utgangspunktet vere søkjar sin hovudgeskjeft. Søkjarar må kunne dokumentere høyt kunstnarisk nivå. Kunstnarisk aktivitet vert presentert ved CV, presentasjonstekst og bilete. Søknadsfrist 01.11.2021
KOLLEKTIVE MEDLEMER kr. 3000,- /6000,- i året
Bedrifter, Institusjonar, foreiningar og klubbar kan takast opp som kollektive medlem.
Medlemskap gjeld om ein har eit sentralt fagleg verv eller ei fagleg rolle i ein organisasjon eller eit foretak som engasjerer seg i profesjonell kunst. Medlemskapet gir kun éi stemme på årsmøte.