Terese Longva

Terese Longva bur på Skuløy som er ein del av øygruppa Nordøyane. Ho bruker ofte installasjon, performance, foto, video, tekst og objekt i arbeida sine. Ho interesserer seg for tilbliingsprosessar i materien og samfunnet. Motivasjonen er å rette blikket frå det lokale, og samstundes peike på at tilbliingsprosessane bak viktige endringar er globale. Kunstnarskapet er nært knytt opp mot øyane, for ho ser på øyar som fysiske, materielle manifestasjonar med eit konkret opphav, i konstant prosess både natur- og sosialhistorisk. Personlege erfaringar og tilgang på kunnskap om geologi, det levde livet og historia til folk på øyane gjev eit utvida perspektiv på korleis ulike fellesskap og ein ny sosial subjektivitet utviklar seg. Kjernen i kunsten hennar dreier seg rundt det sosiale si rolle i utviklinga av sjølvet og subjektiviteten – kven vi blir i eit samfunn.

Longva har stilt ut og deltatt på ei rekkje galleri og festivalar i inn- og utland. Sidan 2010, har ho samarbeida med Laurel Jay Carpenter (USA/UK) i duoen Longva+Carpenter, og frå og med våren 2012 har ho hatt eit nært samarbeid med samfunnsvitar Harald Dyrkorn. Ho er utdanna ved New York State College of Ceramics ved Alfred University (BFA, i tillegg til ein minor i kunsthistorie og ein i filosofi), og frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen(MA).

Andre artister

kunsthåndverker

Karina Tene

Jeg er en nyetablert kunstner og min kunstneriske praksis er tekstilbasert. Jeg utforskerfor

Les mer
billedkunstner

Ivan Dujmusic

Ivan Dujmusic er billedkunstner fra Kroatia. Dujmusic jobber i skjæringspunktet mellom tekst og

Les mer