I den åttande workshop’en i Verkstad da Vinci fekk elevane frå Volsdale skule lære å «tygge» pappmache» saman med biletkunstner Sanne Frostensson.

Kunstaren sitt ønskje med workshopen i Verkstad da Vinci er å la elevane få høve til å erfare koblingen mellom det ”materielle” og det ”imaterielle” i deires liv.
——

Workshop:

Elevane fekk beskjed om at dei skulle ha med seg eit stykke papir til skulen. Papiret kan vere eit brev, eit mattehefte, ei skoleoppgåve som ikkje gjekk bra, teikninger, brev, hemmelege notater, bilder av familiemedlemmar eller kanskje til og med ein kjærast? Det kan være noko du har hatt lenge i ei boks eller noko nytt du lagar, det kan vere eit papir eller 20 papir.

Saman med læraren la dei så det medbrakte papiret til blaut i varmt vatn i ei isboks eller eit glas i nokre dagar. Når kunstnaren kom på besøk så tok dei i bruk det blaute papiret frå boksa si og miksa det om til ei fin masse. Dette kalla kunstnaren for å «tygge» papiret. Når papiret er tilstrekkelig «tygga» kunne elevane starte med å blande inn lim og mjøl for å få ei formbar masse; pappmache.

Elevane kunne sjølv velje om dei ville knytte sin skulptur opp i mot papiret dei brukte, eller om skulpturen skulle bli til uten større intensjonar bak. Når elevana var nøgde med sin figur skulle dei gi namn til skulpturen og stille den ut på eit trebrett, dei skulle og signere med namnet sitt.

Når alle hadde stilt ut figuren sin samla kunstnaren elevane rundt utstillinga og hadde ein felles refleksjon. Kva for type papir hadde dei «tygga». Kva tydde namnet dei hadde gitt skulpturen. Kva følelsar fekk dei når dei jobba med hendene og kva følte dei no når dei var ferdige.

Takk til Sanne, og elevane på Volsdalen skule for ei kjekk oppleving i Verkstad da Vinci!