I den tiande workshop’en i Verkstad da Vinci fekk elevane frå Hessa skule lære silketrykk saman med biletkunstner Hilde Rosenberg Bamarni.

Kunstaren sitt ønskje med workshopen i Verkstad da Vinci er å vise at vanitas symbol frå kunst historia framleis er aktuelle i dag.
——

Workshop:

Når elevane møtte billedkunstnar Hilde Rosenberg Bamarni, fekk dei lære om hennar kunstnarskap og ulik tematikk som ho har arbeida med. Ho lærte dei om kva vanitas symbol er for noko og lot elevane kome med sine eigne tankar rundt symbolikken.
Så viste ho prosessen frå foto, over til transparent og korleis det heile overføres til ei silketrykkramme.

Så skulle elevane sjølv eksperimentere med å sett opp ein komposisjon, med forgrunn, mellomgrunn og bakgrunn. Målet var å få fram ei historie eller eit budskap med dei ulike gjenstandane. Når elevane hadde tatt nokre bilde, og valgt seg ut 1-2 bilder dei var nøgde med, så viste kunstnaren korleis dei skulle jobbe med motivet i bilderedigeringsprogrammet «gimp», på PC. Dei arbeida videre med bilderedigering i kunst og handverktimane saman med lærar.

Veka etter kom elevane til Aggregat Kunstnarfellesskap. Der arbeidde dei først med å lage til farga «bakgrunn» til sine silketrykk, dei mala med akrylmaling og ein pappbit for å lage raske nonfigurative fargeflatar. Når neongfargen tørka vart det satt opp bord med metallklemmer til å halde fast silketrykkramma. Elevane jobba to og to og hjalp kvarandre. Kunstnaren viste kvart enkelt par heile trykkeprosessen før dei fekk prøve sjølve.
Alle trykka 4 prøvetrykk for å få dreisen på det, før dei trykka 4 trykk på kvalitetspapir.
Det var veldig flotte resultat!

Takk til Hilde, og elevane på Hessa skule for ei kjekk oppleving i Verkstad da Vinci!