I den sjuande workshop’en i Verkstad da Vinci fekk elevane frå Volsdalen skule lære korleis komponere eit musikkstykke med lydar frå Volsdalen, saman med musikarane Lena Nymark og Kristian Skaarbrevik.

Kunstnarane sitt ønskje med workshopen i Verkstad da Vinci var å gjere elevane bevisste på kva lyd er for noko, kva lydkunst kan vere, og å sette fokus på lydforureining i naturen/nærmiljøet. Elevane skulle bruke teknologi og digitale verktøy til å ta opp lyd frå nærmiljøet og arbeide vidare med å utvikle lydane til musikk. Dei fekk og høve til å reflektere over korleis musikk kan spele ulike roller for utvikling av identiteten til individ og grupper, med tilhøyrsle til eit sted.

——

Workshop:

Første time møtte kunstnarane opp på Volsalen skule og presenterte seg for klassa. Dei fortalde litt om kva det ville sei å arbeide som musikar og lydkunstnar, og gjekk gjennom planen for dei to dagane med workshop.
Så gjorde dei nokre enkle øvingar saman med elevane , der dei skulle trampe med foten, klappe i hendene og klikke med tunga i ulike takter. Det vart mykje lyd og god stemning i klasserommet!
Så viste kunstnarane ulike måtar å lage grafisk partitur på. Ein kan jo nesten lage det akkurat slik ein vil!

Etterpå vart elevane delt inn i grupper dei skulle samarbeide i, og så fekk dei utdelt ipaden.
Kunstnarane gjekk da igjennom ulike ting elevane skulle lære på ipaden. Dei viste korleis dei skulle ta opp lyd, korleis dei skulle klippe i eit lydspor, sette namn på lydsporet, loope eit lydspor, reversere eit lydspor og korleis legge på morosame effektar.

Endeleg kunne alle gå ned på Volsdalsberga for å ta opp lyd!
Elevane jobba i gruppe, og måtte passe godt på ipaden som var lydopptakaren deira.
Oppdrag: Ta opp 10 lydar frå Volsdalsberga, og plukk med dykk nokre «instrument».

Når alle gruppene hadde tatt opp 10 lydar og satt namn på dei ulike lydane, samt plukka med seg nokre «instrument», t.d. tang, steinar, pinnar og lignande, så kunne dei spise lunsj og ta friminutt på Volsdalsberga, før alle gjekk tilbake til skulen.

Dagen etter haldt workshopen fram. Då kunne elevane lage fleire lydar med instrumenta dei hadde plukka, og jobbe saman om korleis dei skulle sette saman lydane til ein komposisjon. Gruppene fekk jobbe sjølvstendig med å kome fram til sitt uttrykk, og mange ville gå til ulike grupperom for å øve i fred.

Siste delen av skuledagen gjekk med til å framføre. Då spilte kvar gruppe av songen sin på smart tavla framme i klasserommet, samtidig som dei spelte på instrumenta dei hadde samla inn. Det vart mange ulike uttrykk, og elevane fekk gi tilbakemelding til kvar gruppe, og reflektere rundt korleis lyden av Volsdalsberga kunne vere så mykje forskjellig.

Takk til Kristian, Lena, og elevane på Volsdalen skule for ei kjekk oppleving i Verkstad da Vinci!