I den femte workshop’en i Verkstad da Vinci traff elevane frå Hessa skule forfattar, Bjørn Vatne.
Den 4. februar 2022, fekk dei eit innblikk i kva det vil seie å vere ein forfattar.

Bjørn ønskjer med workshopen i Verkstad da Vinci å vise at det kan vere morosamt å skrive ei historie, og å leike seg med språket.
Muntleg forteljing vert knytt til temaet folkehelse og livsmeistring i form av «livs-forteljinger» og å sjå seg sjølv i større samanheng.
——

Workshop:

Elevane lyttar til Bjørn fortelje om yrket sitt, og kvifor han vart forfattar.
Så skal han dele «hemmeligheten» sin med elevane, nemleg korleis skrive ei god historie.
Han samanlignar det å skrive med å lage eit godt måltid, med ein forrett, hovedrett og ein dessert. Han nyttar mange morosame eksempler, og elevane flirar og lyttar med stor merksemd når han fortel.

Når Bjørn har fortalt alle dei gode triksa for å lage ei engasjerande historie, skal elevane skrive ei historie saman. Bjørn skriv og elevane samarbeidar om kva som skal vere med. Alle er elevane er med, dei finn på namn til dei ulike karakterane i historia, gir dei bakgrunnshistorier og skapar ei handling.

Til slutt les Bjørn opp historia med innleving og forteljarstemme og det vert mykje latter og god stemning i klasserommet.

Etterbeidet for denne workshopen vert å bruke figurane frå papirskjerings workshopen med Karin Augusta Nogva, saman med forfattar workshopen til å utvikle historier som skal brukast inn mot neste workshop som er stop motion animasjon.

Takk til Bjørn, og elevane på Hessa skule for ei kjekk oppleving i Verkstad da Vinci!