I den fjerde workshop’en i Verkstad da Vinci ønskjer vi elevane på Hessa skule velkomen inn i prosjektet. Den 21.januar 2022, fekk dei lære om papirskjering og historiefortelling av biletkunstnar Karin Augusta Nogva.
Kunstnaren sitt ønskje med prosjektet er å arbeide gjennom kulturformidling og tradisjonskunnskap for å belyse formidling av kunnskap gjennom estetisk form som ein viktig del av opplæringa. Fortellinga si eigen betydning for danning og identitet for born og
unge.
——
Workshop:
Karin Augusta Nogva fortel om Harlekin, den berømte figuren i teaterforma commedia dell’arte, og ho viser fram nokre små, sarte papirutskjeringer ho har laga. På seg har ho ein kjole laga av papir, med «Harlekin-mønster».
Ho sett seg på ein krakk atmed overheaden og seier at ho vil fortelje om farfaren sin.
«Harlekins farfar» er eit overhead-teater med papirutskjeringer som viser små skildringar frå farfaren sitt liv. Elevane følgjer spente med.
Etter overhead-teateret får elevena utdelt ein konvolutt med to papir i, det eine er eit skrivepapir og det andre er eit teiknepapir. No er det deira sin tur å fortelle ei historie, dei kan velgje sjølv om dei vil teikne eller skrive. Konvolutten med historia legg dei i ei postkasse. Så skal dei lage sine eigne papirfigurar. Dei må tenke gjennom historia si, kva figurar dei må lage for å fortelle historia.
Karin Augusta forklarar korleis dei må tenke positiv og negativ bildeflate, det dei skjerer bort blir kvitt på overheaden. Dei testar heile tida figurane sine på overheaden når dei skjer.
Til slutt kan elevane bruke figurane sine på overheaden til å fortelle si historie framfor klassa. Nokre elevar har laga lange historier, og nokre eleavr korte. Dei har mykje morosamt å fortelje og har laga utrykksfylle figurar.
I neste workshop skal dei lære korleis dei kan bruke figurane i stop motion animasjon!
Takk til Karin Augusta, og elevane på Hessa for ei kjekk oppleving i Verkstad da Vinci!