I den niande workshop’en i Verkstad da Vinci fekk elevane frå Hessa skule lære om fargar i byplanlegging saman med biletkunstnar og fargemeister, Bent Eril Myrvoll.

Kunstaren sitt ønskje med workshopen i Verkstad da Vinci er at elevane skal utforske sin eigen identitet i forhold til stedet dei bur, gjennom fargar og berekraftige val.-  og utforsking av sitt medborgarskap.
——

Workshop:

Før elevane kom til workshop i Aggregat sin fellesverkstad, vart det sendt ut nokre oppgåver til kunst og handverk læraren på Hessa skule, som handla om fargeteori og korleis blande fargar. Når elvane så kom til Aggregat så fekk dei jobbe i kunstnaren sin «fargelab», der han har si store pigmentsamling. Der fortalte han kort om sitt kunstnarskap, og viste korleis han jobbar når han utvinner pigment frå norsk jordsmonn. Han gjekk gjennom grunnleggjande fargeteori og lot elevane kome med sine eigne refleksjonar rundt kva dei tenkjer er gode fargar i ein by/uteområde.

Så tok kunstnaren elevane med ut. Alle gjekk i samla flokk mot Apotekergata og området rundt Øwregata og Bakkegata. Her stoppa dei opp og fekk høre litt om fargane i jugendstilen. Deretter fekk dei i oppgåve å gå rundt i nærleiken og ta bilde med telefonen sin. Oppdraget var: Ta bilde av fargar du likar, eller synes er fine.

Når alle kom tilbake til Aggregat kikka dei på bilda dei hadde tatt av ulike bygninger og fargar som elevane likte. Så kunne dei leite i fargelaben etter pigment som dei kunne bruke for å gjenskape fargen.

På slutten av dagen fekk elevane utdelt nokre treklossar som kunstnaren hadde saga til på førehand. Desse var forma som små hus. Elevane valgte seg 3-4 klossar i ulike storleikar og form, og pussa dei ned med pussepapir.

Dagen etter var det klart for fargesetting. Kunstnaren viste elevane korleis dei kunne blande pigmenta saman, og korleis dei blanda i bindemiddel for å lage ei maling. Så mala dei på klossane og samarbeida om å lage fargar som harmonerte saman. Til slutt satt elevane saman dei små modellane til ein bydel. Då måtte dei ta hensyn til fargane på dei nærliggande husa, og ta i hensyn grøntområde, sjøfront, asfalt og liknande. Kunstnaren stilte heile tida spørsmål som leda til refleksjon, og oppmuntra elevane til å ta «modige» valg, og å frigjere seg frå dei tradisjonelle tankane om byplanleggjing og korleis ein by «skal» sjå ut.

På slutten av workshopen kom prosjektleiar for Sørsida utvikling, Kirsti Slotsvik, innom og snakka om den planlagde bydelen, Sørsida, og kva elevane ønskte seg der.

Takk til Bent Erik, og elevane på Hessa skule for ei kjekk oppleving i Verkstad da Vinci!