Hildegunn Hovde

Hildegunn Hovde (f. 1980) er songar, musikar og komponist frå Vågå i Gudbrandsdalen, og bur på Lauvstad i Volda. Ho er utdanna innan klassisk song og komposisjon med ein master frå Norges Musikkhøgskole, og arbeider som frilansar i tillegg til å undervise i musikk ved Høgskulen i Volda. Hildegunn har ei rekke plateinnspelingar, bestillingsverk og prosjekt bak seg innan ulike sjangre, og arbeider hovudsakleg med vokal folkemusikk og utøvarbasert komposisjon.

Ho utforskar stemme, instrument og objekt frå naturen i møte med live elektronikk. Komposisjonane hennar ligg i skjeringspunktet mellom vokal folkemusikk og improvisert samtidsmusikk, i møtet mellom gammalt og nytt. For tida arbeider ho med eit tverrkunstnarisk prosjekt der ho eksperimenterer med fleirkanalslyd og dyrebein som utgangspunkt for musikk. 

Andre artister

musiker og lydkunstner

Stian Omenås

Stian Omenås er musiker, komponist og pedagog, fra Valldal på Sunnmøre. Idag bosatt

Les mer
kunstnar

Tine Semb

Tine Semb er utdannet kunstner og har siden 2017 drevet Karmaklubb – en plattform som arbeider i norsk og

Les mer