Verkstad da Vinci – eit prosjekt for å styrke dei estetiske faga i skulen
Gjennom Verkstad da Vinci skal vi skape og prøve ut ein metodikk for å styrke kunnskap og kompetanse i dei estetiske faga i skulen. Metodikken skal styrke både dei estetiske faga sin status og rolle, og den kreative muskelen hos elevar og lærarar.
Verkstad da Vinci utviklar og testar ut pedagogiske opplegg der elevar og lærarar på 5.trinnet møter profesjonelle kunstnarar gjennom kunstnarmøter og workshops i Aggregat sin fellesverkstad, i produksjons- og visningsrommet Mottaket og i klasserommet.
På Verkstad da Vinci får elevane oppleve og ta del i avanserte kreative prosessar i «den virkelige verden», gjennom å møte profesjonelle skapande kunstnarar som arbeidar innan alle kunstformer.
Gjennomførte workshops:
Verkstad da Vinci er eit samarbeid mellom Ålesund kommune og Aggregat kunstnarfellesskap, som er støtta av Sparebanken Møre og Møre og Romsdal fylkeskommune, samt stiftinga Kjell Holm.