Søk medlemskap i Aggregat kunstnarfelleskap for profesjonelle kunstnarar.
Frist 15.06.2024

Sjå ulike typar medlemsskap:
https://www.aggregatkunst.com/medlemskap/

Aggregat Kunstnarfellesskap er ein felles arena for profesjonell kunstnarisk verksemd av tverrfagleg art. Aggregat har fellesverkstad og studio i Ålesund, og driv det tverrkunstneriske produksjon- og visnings-rommet «Mottaket». Aggregat legg til rette for å utvikle og formidle eit vidt spekter av kunstnariske uttrykk innan alle kunstformer som biletkunst, dans, film, kunsthandverk, litteratur, performance, musikk og teater.

Det er eit mål at Aggregat skal stimulere til kontakt på tvers av tradisjonelle kunstnariske skiljelinjer og til nye og integrerte uttrykksformer. 

Som medlem får du tilgang til å booke deg inn på MOTTAKET og fellesverkstaden på Aggregat kunstnarfellesskap. Fellesverkstaden har profesjonelt utstyr til produksjon av grafikk, eigen silketrykk avdeling og risoprint avdeling.
Som medlem får du også tilgang på datautstyr og Adobepakke inkludert i medlemgskontingenten, samt nyheitsbrev og informasjon om det kunstnariske nettverket i Møre og Romsdal og omegn.

Krav til søkar:
Søkarar innan alle kunstartar skal vere profesjonelle utøvarar og kunstproduksjon skal i utgangspunktet vere søkars hovudgeskjeft. Ingen krav til bustadadresse. Søkarar må kunne dokumentere kunstnarisk virke. Kunstnarisk aktivitet presenterast ved CV, kort presentasjon tekst og bilete.

Send til mottaketkunst@gmail.com

Aggregats fellesverkstad, Foto: Bent Erik Myrvoll

Aggregats silketrykkverkstad