Aggregat Kunstnerfellesskap har fått midlar til å arbeide for opprette den 8. multimediafestivalen «Moving», som etter planane skal gjennomførast i februar 2025. Prosjektleiar er biletkunstnar Hilde Rosenberg Bamarni.

 

Moving festivalen har blitt arrangert 7 gonger sidan 2009, førre gong februar 2021. For kvar festival søkast det midlar for å honorere prosjektleiar og prosjektgruppe som vidare inviterer kunstnarar inn til å delta på festivalen.
«Mottaket» er arena for å kunne ta i mot «artist in residency» til Moving-festivalen, og fungerer som base, festivalkontor, nettverksbygging, og utprøvingsrom både i planleggings- og gjennomførings-fasen

Ønskjer du å arbeide i ei prosjektgruppe for å finne forma på festivalen 2025?
Arbeidet vil bestå i:

– Møtevirksomhet (Det er ønskeleg at ein kan stille fysisk)

– Planlegging og organisering

– Søknadsskriving og innhenting av sponsorar

– Programmering/ hente inn kunstnarar

– Det er ein fordel om du har erfaring frå liknande arbeid

 

Send motivasjonsbrev, og CV med relevant erfaring til mottaketkunst@gmail.com

Frist for å melde din interesse er 15. desember

Oppstart av prosjektgruppe første kvartal 2024

 

Sjå film frå Moving 2021 her:

https://www.youtube.com/watch?v=9kGmCa-tFQw&t=1s