Frist 15.06.2026
Sjå ulike typar medlemsskap:
https://www.aggregatkunst.com/membership/
Aggregat Kunstnarfellesskap er ein felles arena for profesjonell kunstnarisk verksemd av tverrfagleg kunst. Aggregat har fellesverkstad og studio i Ålesund, og driv det tverrkunstnariske produksjon- og visnings-rommet «Mottaket». Aggregat legg til rette for å utvikle og formidle eit vidt spekter av kunstnariske uttrykk innan alle kunstformer som biletkunst, dans, film, kunsthandverk, litteratur, performance, musikk og teater.
Det er eit mål at Aggregat skal stimulere til kontakt på tvers av tradisjonelle kunstnariske skiljelinjer og til nye og integrerte uttrykksformer.
Som medlem får du
Krav til søkar: Medlemskap kan takast opp dersom ein har kunsten som sitt hovudarbeidsfelt.
Medlemskap takast opp ved søknad. Søkarar innan alle kunstartar skal vere profesjonell utøver. Kunstnarisk aktivitet og kunstproduksjon skal i utgangspunktet vere søkars hovudbeskjeftigelse. Søkarar må kunne dokumentere høgt kunstnarisk nivå. Kunstnarisk aktivitet presenterast ved CV.
Aggregat UNG
Medlemskap takast opp ved søknad. Søkarar innen alle kunstarter skal ha gjennomført i grunnutdanning i kunst ved fagskule eller lignande. Søkarar må kunne dokumentere kunstneriske ambisjonar og planar i søknaden. Ung medlemskap kan vare i maksimalt 5 år.
Ingen krav til bustadadresse.
Kunstnarisk aktivitet presenterast ved CV, kort presentasjon tekst og bilete.
Send til mottaketkunst@gmail.com innan 15.juni 2026