Ledig studio hjå Aggregat Kunstnerfellesskap, Ålesund
Er du på jakt etter eit studio/atelier/kontor i eit fellesskap med profesjonelle kunstnarar?
Aggregat Kunstnerfellesskap ligg inne i Torghallen midt i Ålesund sentrum, nedre strandgate 9.
Kunstnarfellesskapet har fokus på samarbeid på tvers av kunstart, samtidig som det legg til rette for fellesverkstad og studio for kunstnarar til fordjupning i eige kunstnarskap.
Dette studioet/kontoret passar for deg som arbeidar med musikk, eller andre kreative yrker som krever moglegheit for å øve og praktisere bak lukka dør. Rommet er ikkje 100% lydtett.
Studioet er umøblert ved overtaging. Flott utsikt mot Brosundet.
Med studio på Aggregat har ein tilgang til fellesverkstad og «Mottaket» prosjekt- og visingsrom med lys/lyd anlegg. Aggregat har 64 medlem som arbeidar innan alle kunstdisiplinar, og vi legg opp til at det er kort veg til å finne ein samarbeidspartnar til ulike prosjekt.
Studio:
Rommet er cirka 17 m²
Pris: 3500,- per mnd. Inkludert strøm og internett.
Ledig f.o.m. 18. oktober 2025
Send inn søknad som inneheld:
- Kort presentasjon av kunstnarskap/arbeidsform
- CV
- Motivasjonsbrev for bruk av studio
Søknadsfrist 10.10.2025
Send søknad til aggregatkunst@gmail.com
Ta kontakt med dagleg leiar på same adresse om du har spørsmål.
