Kven er du i møte med havet?
Under Ålesund Gatefestival inviterer biletkunstnar Hilde Rosenberg Bamarni og komponist Kristian Skaarbrevik publikum til eit stille og sanseleg møte med havet. I dei to KunstKubene på Rådhusplassen blir havet utforska som meir enn landskap. Havet synast som livsgrunnlag, minnerom og ein del av identiteten vår.
Kva skjer når vi stoppar opp og verkeleg ser på havet?
Forholdet vårt til havet er både felles og djupt personleg. Det omgir oss, formar landskapet vi lever i og har gjennom generasjonar vore grunnlag for arbeid, reiser, historier og liv. Samtidig ber vi alle med oss våre eigne erfaringar og førestillingar om det.
I KunstKubene undersøker biletkunstnar Hilde Rosenberg Bamarni forholdet vårt til havet gjennom fotografi, video, lys og lyd. Saman med eit lydverk komponert av Kristian Skaarbrevik blir det skapt to romlege installasjonar som inviterer publikum til å stoppe opp midt i byen, og rette merksemda mot rørslene, rytmane og dei mange laga av meining i havet.
Eit landskap av lys, bilete og refleksjonar
I den eine kuben møter publikum fotografiske motiv frå havet, monterte på hengande panel av transparent pleksiglas. Bileta overlappar kvarandre i fleire lag, og saman med lyssettinga oppstår refleksjonar og rørlege skuggar som kan gi assosiasjonar til lyset sitt spel under vatn.
Bilete, fargar, lys og transparens dannar eit poetisk landskap i stadig endring, på same måte som havet gjer.
I den andre kuben blir videoverket Littoral Currents vist. Her undersøker Bamarni overgangssona mellom land og hav, eit landskap som kontinuerleg blir forma og endra av straumar, rørsler og menneskeleg aktivitet.
Verket rettar samtidig blikket mot vår eiga tilknyting til havet og spora vi som menneske etterlet oss i naturen.
Eit møte éin til éin
Publikum kan ikkje gå inn i KunstKubene, men opplever verka gjennom koauge i kvar kube.
Utanfor finst byen, menneska, lydane og aktiviteten under gatefestivalen. Men når du rettar blikket inn gjennom opninga, oppstår eit konsentrert møte mellom deg og kunstverket. Eit lite rom for fordjuping midt i byrommet.
Komponist Kristian Skaarbrevik sitt lydverk følgjer installasjonen og lèt lyd, bilete og lys gli over i kvarandre. Saman skaper kunstnarane ein sanseleg heilskap der rørslene i havet blir omsette til bilete, rytmar, klang og lys.
Kanskje kjenner du igjen noko.
Ein stad. Eit minne. Ei stemning. Ei kjensle.
Eller kanskje møter du havet på ein heilt ny måte.
Kven er du i møte med havet?
Om kunstnarane
Hilde Rosenberg Bamarni er biletkunstnar basert i Ålesund og arbeider med grafikk basert på eigne fotografi, video og installasjon. I kunstnarskapen undersøker ho ofte forholdet mellom mennesket, naturen og havet gjennom poetiske og stadsspesifikke uttrykk. Arbeida hennar krinsar rundt minne, tilhøyrsle, landskap og identitet, og beveger seg i skjeringspunktet mellom dokumentasjon og kunstnarleg tolking.
Bamarni har mastergrad i kunsthistorie frå UiT Noregs arktiske universitet og fagutdanning innan kunst og grafisk design. Ho er medlem av Norske Billedkunstnere, BKMR og Norske Grafikere. Ved sida av eigen kunstnarleg praksis har ho lang erfaring med kunstformidling, undervisning og prosjektleiing, og har vore sentral i etableringa og utviklinga av Aggregat Kunstnerfellesskap.
Kristian Skaarbrevik er komponist, lydkunstnar og gitarist frå Ålesund, utdanna ved Berklee College of Music og Noregs musikkhøgskole. Praksisen hans beveger seg i skjeringspunktet mellom komposisjon, lydkunst og framføring, og spenner frå kammermusikk og elektronisk musikk til lydinstallasjonar og tverrkunstnarlege samarbeid.
I Littoral Currents utforskar Skaarbrevik korleis eigne erfaringar med symjing, surfing og roing i havet på Nordvestlandet ikkje berre skaper stemningar, men også kan forme sjølve det musikalske materialet og arbeidsmetoden. Musikken blir slik ein del av undersøkinga av forholdet mellom mennesket og havet, i tett samspel med Hilde Rosenberg Bamarni sitt visuelle materiale.
Lokalt har Skaarbrevik samarbeidd med mellom andre Ålesund Strykekvartett, Bent Erik Myrvoll og Einy AamSparks. Som musikar har han også spelt med mellom andre Pauline Oliveros og Christian Wolff.
