Bilde: Rita Marhaug
I perioden 17.–26. april 2026 inviterer kunstprosjektet Trykk i sanntid til Mottaket og
utstillinga Karbonnerve, ei sanseleg og tankevekkande utforsking av karbonets mange liv og
betydningar.
KARBONNERVE søkjer å gi poetiske uttrykk for karbonet sine uransakelege vegar, med vekt
på grafiske metodar og skulpturelle verkemiddel. Utstillinga er sett saman av individuelle
verk av Elin Kjøsnes, Lillian Karin Bjørdal og Märet Aronsson-Towler, i samspel med utval
frå ein større kollektiv produksjon: ei bok, ei mappe, ein bokrull, ei trekkspelbok og ein serie
kart.
Utstillinga har sine røter i det nasjonale grafikkprosjektet Trykk i sanntid, initiert av
kunstnarane Åse Anda, Kjellaug Hatlen Lunde og Rita Marhaug. Prosjektet starta i 2019 og
har samla kunstnarar og grafikkverkstadar langs norskekysten, frå Oslo, via Kristiansand og
nordover til Finnmark.
Gjennom fem år deltok til saman 64 kunstnarar. Målet var å knyte saman
ti grafikkverkstadar gjennom produksjonen av fem felles kunstverk. Kvart år møttest
kunstnarane til sommarsolkverv og arbeidde samtidig, kvar på sin stad, innanfor felles
rammer. Slik voks dei kollektive verka fram gjennom individuelle bidrag, forma i eit delt
tidsrom.
Prosjektet har resultert i ei rekkje utstillingar med titlar
som Karbonavtrykk, Karbonfangst, Karbonlagring, Karbonsyklus, Karbonpuls, Karbonhjarte
– og no Karbonnerve.
Karbon er eit grunnstoff som både er livsnødvendig og ei av dei største utfordringane i vår tid.
Det finst i lufta vi pustar, i maten vi et og i alle levande organismar, samstundes som det er
tett knytt til klimakrisa.
Dei ulike utstillingstitlane speglar sentrale omgrep i miljø- og klimadebatten, og peikar
samstundes mot kunstnarane si eiga praksis. Kunstproduksjon inneber ofte reiseverksemd og
lagring av store mengder digital informasjon, begge delar energikrevjande. Slik skriv
kunstnaren, som folk flest, seg inn i den karbondrivne økonomien sitt krinslaup.
I Karbonnerve blir dette spenningsfeltet utforska gjennom kunstnariske uttrykk – frå det
konkrete og materielle til det abstrakte og eksistensielle.
Utstillinga byggjer vidare på fleire års kollektivt arbeid. Dei felles produserte objekta dannar
eit viktig fundament og gir innblikk i korleis kunst kan oppstå i dialog, på tvers av geografi.
Samtidig løftar Karbonnerve fram individuelle stemmer. Gjennom grafiske teknikkar og skulpturelle uttrykk gir dei tre kunstnarane kvar sine inngangar til tematikken. Her møter publikum alt frå detaljerte trykk til romlege installasjonar som undersøker materialitet, tid og natur.
Karbonnerve handlar ikkje berre om klima eller naturvitskap, men om relasjonar – mellom
menneske og natur, mellom individuelle og kollektive prosessar, og mellom det synlege og
det usynlege.
Utstillinga inviterer publikum til å reflektere over korleis noko så grunnleggande som karbon
kan vere både livgjevande og øydeleggande, og korleis kunsten kan opne for nye måtar å
sanse, forstå og stille spørsmål på.
Tid: 17.–26. april 2026
Stad: Mottaket, Ålesund
Velkomen til ei utstilling som går tett på både materialet og nerven i vår samtid.
Trykk i sanntid vart initiert av Åse Anda, Kjellaug Hatlen Lunde og Rita Marhaug, som
møttest gjennom arbeidet med grafisk trykk ved KK-trykk i Kunstkvarteret i Lofoten. Med
grafikken som felles utgangspunkt utvikla dei eit prosjekt der samtid, samarbeid og stad står
sentralt.
Gjennom å arbeide parallelt, på ulike stader langs kysten, men til same tid og med felles
kriterium, har dei skapt eit kunstnarisk fellesskap som rommar både individuelle uttrykk og ei
kollektiv utforsking av karbon som tematikk.