Frå 22. juni til 19. juli er kunstnarane Pei-Han Lin (Tromsø/Taiwan) og Tansiyu Chen (Oslo/Kina) på residensopphald i Ålesund.

Sommaren 2026 gjennomførast det her i Ålesund for første gong ein kunstnarresidens for to nye kunstnarar. Denne vart lyst ut som ein open call i alle dei nordiske landa. Dei to kunstnarane Pei-Han Lin og Tansiyu Chen har blitt valt ut, og har takka ja, til opphaldet I Ålesund.

Residensen gir duoen tilgang på atelier og fleire typar verkstadar og gir kunstnarane gode føresetnandar for å fordjupe seg i eigne kunst i perioden dei er her. Ålesund Duo Air varer frå 22.juni til 19.juli, 2026 og involverer eit ope arrangement for publikum på Mottaket 14.juli. 

Pei-Han Lin 2

Foto: Pei-Han Lin

Pei-Han Lin bur og arbeider i Tromsø og har ein kunstnarisk praksis som går på tvers av mange visuelle kunstuttrykk og involverer maleri, skulptur, tekstil, video, lyd, tekst, mm. Ho kjem frå Taiwan og krysskopling mellom kultur, identitet og minne er tematikkar ho arbeider med.

Tansiyu Chen 2

Foto: Tansiyu Chen

Tansiyu Chen er ein visuell kunstnar med base i Oslo. Ho arbeider i hovudsak med skulptur, maleri og installasjonar og nyttar varierte materialar som, mellom anna, leire, tre, metall, is og blekk i sine verk. Hennar kinesiske bakgrunn gir henne tradisjonelle orientalske referansar og formspråk som ho kombinerer med dagens moderne samfunn. Under opphalde i Ålesund vil ho arbeide med tre og keramikk. 

Dei to kunstnarane har tidlegare laga ein skulptur i lag på oppdrag frå Kulturrådet. Dette motiverte eit ynskje om å utforske vidare samarbeid men det at dei bur og arbeider i ulike delar av landet gjer at dei har mangla ein stad og fasilitetar for dette. Difor set dei begge fram til arbeidsopphaldet i Ålesund og ser også fram til å bli kjent med byen og kunstmiljøet her.  

Residensen er eit samarbeid mellom Ytre kunstfagskole og Aggregat Kunstnerfellesskap i Ålesund. Prosjektet kombinerer ressursane til ein kunstutdanningsinstitusjon og ein kunstnarstyrt organisasjon, og byggjer vidare på erfaringar frå tidlegare residensopphald i regionen. 

Sommarresidens 2026 er støtta av Møre og Romsdal Fylkeskommune, regionale kulturfond.