Søk medlemskap i Aggregat kunstnarfelleskap for profesjonelle kunstnarar.
Frist 1.11.2021
https://www.aggregatkunst.com/medlemskap/

Aggregat Kunstnarfellesskap er ein felles arena for profesjonell kunstnarisk verksemd av tverrfagleg art. Aggregat har fellesverkstad og studio i Ålesund. Driv produksjon og visningsrommet «Mottaket», samt legg til rette for å utvikle og formidle eit vidt spekter av kunstnariske uttrykk innan alle kunstformer som biletkunst, dans, film, kunsthandverk, litteratur, musikk og teater.

Det er eit mål at Aggregat skal stimulere til kontakt på tvers av tradisjonelle kunstnariske skiljelinjer og til nye og integrerte uttrykksformer. 

Som medlem får du tilgang til å booke deg inn på MOTTAKET og fellesverkstaden på Aggregat kunstnarfellesskap.

Krav til søker:
Søkarar innan alle kunstartar skal vere profesjonelle utøvarar og kunstproduksjon skal i utgangspunktet vere søkars hovudgeskjeft. Ingen krav til bustadadresse. Søkarar må kunne dokumentere kunstnarisk virke. Kunstnarisk aktivitet presenterast ved CV, kort presentasjon tekst og bilete.

Send til mottaketkunst@gmail.com